Animasjonsverkstad på Stiftelsen 3,14!
Kva er eigentlig forskjellen på digital film og fysisk film på rull?
Kan vi forstå meir av digitale teknikkar ved å sjå på gamle teknikkar?
Kunstnaren Wong Chung-yu skapar nye bilete ved å digitalisere gamle kinesiske blekkmaleri. Hans utstilling Randomation vil vera utgangspunkt for å diskutere gamle og nye teknikkar innan kunsten.
I verkstaden skal vi lage animasjonsfilm ved å risse og teikne på film. Alle deltakarane får utdelt kvar sin filmstripe som dei skal jobbe med. Vi set så enkeltstripane saman med teip ved å bruke det analoge skjøteverktøyet ”splicer”. Som vi skal sjå, byggjer digitale redigeringsprogram på denne redigeringsmetoden ved at det visuelle oppsettet liknar dei gamle analoge teknikkane. Til sist skal vi sjå den ferdige animasjonen på ein gamal filmframviser.
November
torsdag 03.11, kl 17 - 19
torsdag 24.11, kl 17 – 19
Desember
torsdag 08.12, kl 17 - 19
fredag 09.12, kl 17 – 19
Januar
torsdag 05.01, kl 17 -19
fredag 06.01, kl 17 -19
Gratis for ungdom med kulturkort!
Påmelding til:
formidling@stiftelsen314.com
Dersom det er noko meir du lurer på, så finn du kanskje svaret på nettsida: http://www.stiftelsen314.com/
Linda Rogn Formidler mob: 970 83 221 |